Bedehuset på Espevær har en lang historie som strekker seg tilbake til 1903. Vi har fått tak i et dokument som Johs. Mæhle har ført i pennen som skildrar bakgrunnen og historia til huset. Skildringa er frå 1992.
Espevær forsamlingshus eller Bedehuset på Espevær.
I forbindelse med valg til nytt bedehusstyre i 1992 ble det lovet å fortelle litt om historien til huset.
Dokumentet blei ført i pennen av Johs. Mæhle som var styremedlem den gong.
Litt av Espevær Forsamlingshus si historie 1903 - 1992
I brevet me sende ut til alle hus-stander med tanke på valet av nytt bedehus-styre, lovte me å fortelja litt om historia til huset her, noko som ialfall dei yngre ikkje veit så mykje om. Me kan synast det er sjøvsagt atte me har eit bedehus, ei kjerka og forsamlingshus - men sannheta er at det har kosta ufattelig mykje å få det slik me har det i dag.
Nå kan ikkje eg komma inn på alt som har vore gjort her men eg vil prøva å ta med ialfall noko av det viktigaste.
Begynnelsen
I 1903 altså for 89 år si hadde dei ein lærar her ute som heita Tormod Aksnes, samme mannen som har skreve Espeværssangen vår.
Han var Espevær-patriot og ein personleg kristen som hadde sakna ein stad der folk kunne ha møtene og samkomene sine. Han fekk med seg fem karar herifrå som gjekk inn for å samla inn penger, -søkja om offentlig pengar og i det heile stå på atte huset blei byggt.
Det var handefraftige karar og slett ikkje gamle folk.
Laurits Larssen var 39 år, Thorvald Bie 38, Bernhard Garvik 39, Severing Tollevik 34 år og Albert Gundersen 30 år. Ola Størkson som blei tilsette som kasserar og skrivar var berre 21 år då.
Eg trur heller ikkje at eg seie noko som er gale eller som kan fornerma nokon når eg tar med atte dei den gongen ikkje var personlige behus folk slik som Aksnes var. Det blei dei først 30 år seinare, i midten av 30 åra.
Plassering av huset
For å få huset byggt så nær midten av øyno som muligt blei det inngått ein avtale med Peder Andreas Amundsen og kåna hans Tobine om tomt til huset, og den er ei gåva fra grunneigarane og fekk namnet Koren i papirene.
Verdien var den gongen sett til kr 200,- som var eit ganske stort beløp etter den gongs målestokk. Eg kan og nemna at huset som blei byggt av trelastforretningen B. Garvik vart bygt på fast anbud, byggjesum Kr 7.000,- fiks ferdig med alle benkar både oppe og nede i salen.
Finansiering
Av innberetningen som lærar Aksnes skreiv i anledning 25 års jubileet går det fram atte dei søkte til fylkene, Stavanger, Lister og Mandal Amt og både søndre og nordre Bergenhus Amt.
Nordre Bergenhus Amt gav ingenting. Alt i alt fekk dei samla saman bidrag frå Finnås Komune Kr 3.300,-.
Dei la og ut lister i vårsildfisket der båtar og notlag tegna seg for gaver. Det gjekk mykje på 5 kr og 2 kr.
Av dei etterlatte papirene til Aksnes går det og fram atte han berre på ein ettermiddag han gjekk rundt med lista fekk inn ialt kr 300,-.
Eg kan og ta med atte den første som skreiv seg på lista hans var Anna Andersen, ei unge østlandsjenta som var tjenestejenta hos B. Garvik, og som seinare blei fru Anna Eiken. Hu gav 1 kr som var mange pengar for ei tjenestejenta den gongen.
Frå Karin Tollevik har eg fått lånt eit utskrift av møteprotokollen til fylkestinget sine forhandlinar og det synest eg var svert interessant. Her går det tydeligt fram kvifor det heiter: Espevær Forsamlingshus, og ka huset skal brukast til. Det var slik den gongen og som det alltid er når noko nytt skal byggjast, alltid nokon som snakker imot.
Lånet dei til slutt fekk i Moster Sparebank var kr 2.500,- men dei som hadde vore byggekomite for huset måtte stilla som personlege kausjonistar for lånet.
Det blei og i Statuttene for huset, under paragraf 7 bestemt atte Styret som seinare blei valde skulle overta dette ansvaret.
Innvilese av huset
Søndag 8 mars 1908 blei det halde innvielse av huset ved prost Selmer, og det var veldig mykje folk som deltok, frå Bømlo, Bremnes og Moster og Haugesund. Ialt var der talt til ca 600 stk.
Huset ble nedbetalt
Alt i 1916 var lånet nedbetalt og huset gjeldfritt. Det viste seg då som det har gjort seinare og at folket herute alltid har vore flinke til å gi og ta til å støtta opp om bedehuset sitt.
Innvia til kjerka
Søndag 12 april 1931 ble huset innvia til kjerka og 2 jenter blei døypte. Dei 2 var Sølvi Udal og Solveig Henriksen. Det var Lauritz larssen og kåna hans Marie som la ned mest arbeid for å få huset godkjent til bedehuskapell og mesteparten av kjerkesølvet er og gitt av familien Larssen.
Ellers er storparten av det me ser inne i huset idag gaver som er gidde av Espeværingar både folk som bur her og som nå er flytta ut, og av foreningar og lag som har hatt sitt virke her.
Minnestøtta etter krigsofra
I 1946 tok bedehus-styret som den gongen var: Torstein Hattlevik, Julius Sørensen og Lars Brekke opp arbeidet med å reisa Minnesteinen over dei som kom burt under krigen i 1940 - 1945, og 4. august 1946 var denne avduka av sokneprest Robberstad.
Økonomisk støtte til drift og vedlikehald av huset
I 1953 søkte bedehus-styret komunen om ei støtta på kr 2.000,- til vedhus og toaletter. Dei fekk avslag på søknaden men klarte lika vel med eiga hjelp og innsamling blandt husstandane.
Komunen gjekk likevel etter søknad med på å yta kr 25,- for kvar gong me hadde gudstjenesta ialt kr 150,- i året.
Utvidelse av huset
I 1970 -71 la Alf Amundsen og ein del andre her frå plassen ned eit stort arbeid med å forlenga huset med eit tilbygg til kjerkebruk og under nybygget blei der og laga eit lite båre-rom. Dette tilbygget til kjeka ble vigsla 12 september 1971 av sokneprest Alf Sørheim og prosen i Sunnhordaland. Alf Amundsen og dei som var med han gjorde alt arbeidet vederlagsfritt.
I 1973 fekk me nytt elektronisk kjerkeorgel og til dette betalte komunen kr 15.000. Eit fleirtall av formannskapet vedtok dette trass i at komunesjefen gjekk imot.
I 1979 blei der bygt nye garderobar og nye toaletter. Dei fekk og nye gardier til storsalen nede.
I 1981 blei der innkjøpt nye møblar til lesesalen nede.
I 1982 Gav Alice og Toralf Eiken 30 nye stolar til små-salen oppe.
I 1983 blei det elektroniske orgelet til småsalen kjøpt inn.
i 1986 ble det kjøpt inn stor-kokeplate
I 1988-89 blei ein del større arbeid med søre og austre veggen gjort ferdige.
Frå familein Johannes Garveik fekk bedhuset nytt kjøleskap. Større pengegaver er og gitt av Margit Brekke, Gåre larssen, hanma Paulen, med fleire.
Espevær Gjensidige Assuranceforening, Husmorlaget og Helselaget har gitt gåver kvart år. At kjøkkenet både er fornya og forbefra med gardiner, oppvaskbenk og stor oppvaskmaskin er for ein store del blitt muligt grunna gaver både fra privat og foreningar.
Oppsumering
Det som eg har tattt med er berre eit utdrag av historia til huset og der er mykje meir som kunne vore nemt. Allikevle ser me klårt atte den kjærlighet og omsorg som Espeværingane har gitt Bedehuset og kjerka si, -har gitt og vil gi velsignelse til alle heimane her.
Så ska me og merka oss: Espevær Forsamlingshus er eit hus om er eid av alle som bur her, og for formål som tjener plassen.
Men det er og grunn til å minna om og sterkt understreka atte huset er Bedehus, Kjerka på same tid, og at respekt for dei Kristne Kultur-verdiane som har føllt huset gjenom alle tider.
--- Å merk: "Vil Gud ikkje vera byggningsmann, me fåfengt på huset byggja"
me ber om Guds velsigning for huset og folket her i framtida.
Johs. Mæhle
Styremedlem 1992
Bedehuset anno 2016
I de senere år har det hver sommer blitt holdt basar til inntekt for bedehuset.
Bedehusstyret består i 2016 av formann Øyvind Larssen, Inger Larssen, Eva Sønsterbø, Målfrid Bie Nilsen, Ellinor Eiken Størksen , og Arvid Størksen.
Deres iver etter å holde bedehuset i topp stand har resultert i
All skifer på taket er tatt av og det er lagt ny papp før steinen er lagt tilbake
Søre veggen er skiftet kledning og vinduer er nye
Kjøkkenet er modernisert
Gangen er pusset opp og fått nytt gulv
Inntektene fra årets basar skal gå til utskifting av panelovnene til mer moderne varmekilder.
Takk for at du har tatt deg tid til å lese bedehusets historie.
Velkommen på basar
Mange kjenner nok sikkert til historien rundt prekestolen som står ved oppgangen til alterringen.Tenkte allikevel at jeg vil dele litt informasjon om hvor den kom fra og hvordan den havnet på Espevær.Dette er den orginale prekestolen som ble satt inn i Bømlo gamle kirke på Vorland på søre Bømlo.Den er ifra 1621.Min far fortalte meg at den ble funnet i en løe på Bømlo og at den ble fraktet ut til Espevær.Har funnet litt informasjon på nettet om hva innskriften betyr.Jan Pettersen