I den bratte fjellveggen på vestsida av holmen, er det to store djupe holer, og fleire mindre. Her er det brote ut tonnvis med stein, frå den eldre steinalder, om lag 6000 år sidan. Steinbrotet rekk frå toppen av berget ned til ein tretti meter langt, flatt golv, 5,8 m.o.h. Grønnsteinen er hard og tung, han let seg spalta og hogga til. Langs strendene inne på Bømlo og Espevær er det funne ei mengd buplassar frå steinalderen, der steinsmedane har arbeidd med grønnstein frå Hespriholmen.
I 3-4000 år har det vert tatt ut grønnstein på Hespriholmen.
Steinbrotet er i dag freda, og det er ulovleg å hogga, ripa eller skriva der.
Se Universitetsmuseet i Bergen sin animasjon over utviklingen i havnivået de siste 10.000 år. Se video her
Store norske leksikon sin omtale av Hespriholmen ser du her
Du kan lese mer om steinriket på Bømlo ved å følge linken under.
steinriketbomlo.no