Felles bakedag i Grendahuset

Publisert av Redaktør - Espevær den 23.10.24.
Hei alle🥰 Tenkte å laga til ein FELLES BAKEDAG no før jul, for alle som vil vera med🥰
 
Der me lager lefser, nordlandskaker og andre bakverk- her lager ein opp deiger/rører på forhånd og alle har med seg ein/to deigemner/rører/konfekt, rett og slett bare fantasien som sett ein stoppar, så treng ikkje nødvendigvis bare vera julekjeks- men noko godt og kosa oss med i julestria👩🏻‍🍳🧑🏻‍🎄🍪🍭

 

Så baker me ut i lag og steiker og deler på godene på slutten- sånn at alle får med seg smaksprøver heim- og er det noko ein liker ekstra godt, så kan me dele oppskrifta og ein kan bake meir sjølv seinare🥰
Om ein ikkje kan bake feks lefser/nordlandskaker så håper me at me kan lære i lag av dei som kan dette og alle kan få prøve seg på utkjevling og steiking, at me rett og slett deler kunnskapen og har ein kjekke dag i lag🥰
Me lager til gløgg, kaffi og kakao- og så tar alle med seg litt mat slik at me kan lage eit lite fellesmåltid- «korgfest» kalles vel da kanskje? 😅
SØNDAG 3 NOVEMBER kl 11.00 I GRENDAHUSET håper me er ein dag som passer for dei som vil vera med.
Skriv i kommentarfeltet om du vil vera med, kva du tar med deg av deig/røre etc. (helst dobbelt opp om ikke trippelt- om me er mange, slik at alle kan få med seg litt heim) og slik at ikkje alle stiller med det samme.
Om du vil bake lefser/nordlandskaker,men har oppskrifta men ikkje kan bake det ut- ta det med- for her kan me då lære det av dei som har gjort det før.)
Ta og med evt steiketakke om du har, krumkakejern, rosettbakkelsjern, gorojern, bakeredskaper ein treng til ditt bakverk, kjevler/lefsekjevle, lefsepinne og bakematte om du vil bruke. Altså- ta med alt ein treng til å bake det du tar med. Og husk evt brødposer/kakebokser🤭
Skriv og kva du tar med av mat til fellesmåltidet (pålegg, brød, focaccia, salat, pastasalat, egg, laks, julepålegg, varm/kald rett osv.)
Så lager me til ein sosial dag med nåko kjekt🥰
Håper mangen vil vera med dinna dagen, der me kan både lera noko nytt, vera sosiale og ha da kjekt i lag- og ps: her trenge ein ingen bakekunnskap- her er me for å kosa oss i lag🥰
God klem frå Christine og Marianne❤️