Parkering i Eidesvik, sommeren 2024

Parkering i Eidesvik, sommeren 2024

Publisert av Stian Rysjedal den 05.07.24. Oppdatert 07.07.24.
Kjære alle som bruker Espevær, både fastbuande, ferierande og dagsturistar.
Som dei fleste allereie veit, har vi hatt utfordringar med parkering og kapasitet i Eidesvik i alle år. Dette har blitt ei enda større utfordring med årene, då det stadig er fleire som brukar Espevær. Kommunen og fylket har ikkje jobba med oss i det siste, og det siste brevet frå fylket står det at dei ikkje vil gjera noko med parkering før dei har teke ei vurdering på alle kaier i Vestland. Bømlo kommunen seier dei kan merke deira område, men Espevær Grendautvalg meiner det berre blir tull å merke halve parkeringsplassen i Eidesvik.
Til tross for dette, er det er ikkje heilsvart likevel! Grendautvalget og Terje Eidesvik har gått i dialog med ulike grunneigarar som er villig til å leige ut plassar til oss for kroner 100 per døgn. På vedlagt kart kan du finne markert kvar de kan parkere, og det er oppført betalingsinformasjon ved dei ulike parkeringsområda. Desse inntegna plassene på kartet er plasser som kan nyttast framover til grunneigar eventuelt skal nytte området sjølv, og gjev beskjed om dette.
I tillegg til desse plassene kan vi no i sommar stå på parkering til Eidesvik rederiet i Langevåg på høgre side når en kjører mot Eidesvik, her betaler ein 50 kr per døgn og vippser til 617485. Ved bedehuset kan ein og stå i sommer ved å vippse kr 50 per døgn til 607710. NB! Dei som parkerer med bedehuset legg lappe med telefon nummer i frontruta i tilfelle det skulle bli begravelse og parkering må nyttes av bedehuset.
Betalinga for plassane er tillitsbasert, så her er det viktig at alle som nytter dette tilbodet betalar slik at me ikkje misser denne muligheten.
Espevær Grendautvalg vil samtidig oppfordre alle til å vise hensyn ved parkering i Eidesvik. Prøv og parker kun ein bil per husstand der, då får vi plass til dagsturister😊 Parker alltid med ein tanke om at ein kan få plass til ein bil til. Hengarar bør ikkje oppta ein parkeringsplass. Dei som er på ferie og har ledig plass i garasjeanlegget, lån/leig plassen din ut til ein du er glad i 😉 Saman skal vi få til dette, og alle skal væra velkommen til perlå i vest.
Vi i grendautvalget vil fortsetje dialogen og saka om parkeringstilhøva i Eidesvik med kommunen og fylket. Bømlo kommune har tidlegare lova oss ei oppgradering, og dei viser til at det er sett av penger til dette. Dette vil vi følge opp vidare.
God sommar!
Helsing
Espevær Grendautvalg